| Beskrivelse | Fleire faktorar ved mål er viktige for utbytte av behandling. Innhald, spesifisering og at mål er utfordrande utfordrande for den det gjeld utgjer saman med tilpassing til alder, modning og funksjonsnivå nokre faktorar. På andre sida er sosial harmonisering og semje om behandlingsmål med nærpersonar andre viktige faktorar. Kunnskapar frå mange felt har auka interessa for målarbeid i seg og sett fokus på handsaminga av mål i den terapeutiske prosessen. Mål sin natur, og arbeidet med å formulera behandlingsmål er påverka av ei rekkje faktorar. Mellom anna er barn og unge i institusjon avhengig av at me sikrar harmonisering og spesifisering av mål til situasjonar utanfor behandlingssituasjonen. |